Nedertysk kan delast i tre greiner: Nedersaksisk, austnedertysk og nederfrankisk. Dei første to blir hovudsakleg tala i dagens Nord-Tyskland. Den siste omfattar nederlandsk og afrikaans som blir tala i Sør-Afrika.
Engelsk og frisisk er utvikla frå ei eldre form for nedertysk, gammalsaksisk (også kalla gammalnedertysk).
I hansatida var nedertysk lingua franca i heile Austersjøområdet, noko som i stor grad har prega utviklinga av dei skandinaviske språka. Ein reknar med at mellom 30 og 40 prosent, eller meir, av det daglege norske vokabularet er av nedertysk opphav.[1]
Utvandring til Amerika og i nokre høve eksistensen av religiøse samfunn som mennonittar har ført til at språket blir tala i land som Canada, USA, Mexico, Sør-Afrika, Sentral-Asia, Bolivia, Argentina, Brasil, Paraguay og Uruguay.
Plattysk stammar frå mellomnedertysk som blir datert til tida mellom 1150 og 1600. Dette språket igjen utvikla seg frå gammalnedertysk eller gammalsaksisk.[2]