Byen er kjend for katedralen med tre spir (starta 1195 og ferdig rundt 1330), der Erasmus Darwin hadde eit hus rett ved. Lichfield ligg i eit behageleg landskap med ei lita elv som renn aust mot Trent, låge bakkar mot aust og sør. Byen ligg i distriktet med same namn som har ein folkesetnad (2001) på 93 237, byen aleine 27 900.
Ved Wall, ca. 5 km sør for den noverande byen, låg det ein gong ein romersk-britisk landsby ved namn Letocetum (frå keltisk, ‘grått tre’), og i dette har den første halvdelen av namnet Lichfield oppstått. Det var basert på ei romersk festning ved Watling Street som vart nytta i dei første hundreåra e.Kr. fram til ca. 160-170 då husa ved festninga vart øydelagd i brann i det same tidsrommet då forumet i Wroxeter òg vart øydelagd av brann. Det tyder på eit opprør av dei lokale britane.