Kromgul bregnehette
- Artikkel
- Diskusjon
Kromgul bregnehette | |
Kromgul bregnehette Foto: Arne Aronsen/Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo | |
Status | |
Status i Noreg: Nær truga[1] | |
Systematikk | |
Rike: | Soppar Fungi |
Rekkje: | Stilksporesoppar Basidiomycota |
Underrekkje: | Hymeniesoppar Agaricomycotina |
Klasse: | Agaricomycetes |
Orden: | Agaricales |
Familie: | Mycenaceae |
Slekt: | Hettesoppar Mycena |
Seksjon: | Oregonenses |
Art: | Kromgul bregnehette M. oregonensis |
Vitskapleg namn | |
Mycena oregonensis A.H. Sm. |
Kromgul bregnehette (Mycena oregonensis) er ein liten oransjegul sopp i slekta hettesoppar med ein spiss hatt. Arten kan vanskeleg forvekslast med andre artar, men liknar noko på raud gulfothette.
Kromgul bregnehette finst om sumaren og hausten på fuktig jord i gran- og blandingsskog i strø av blad, nåler og bregnerestar.
Kromgul bregnehette er særs sjeldan i Noreg[2] og er rekna som nær truga i landet.[1]
Kromgul bregnehette Mycena oregonensis er nedbrytar (saprotrof) på marka. Ho veks på fuktig jord i gran- og blandingsskog, i strø av blad, nåler og bregnerestar og ut frå dei fleste funn med angitt vegetasjonstype synest ho å ha ei viss tilknyting til dei rødlistede naturtypane kalkgranskog og høgstaudegranskog og/eller kombinert med gammal naturskog. Det er 40 kjente lokalitetar spreidd frå Nordland, langs kysten av Møre til midt- og søraustlandet. Triolig har arten eit visst nordleg tyngdepunkt. Arten er vurdert som sårbar på svensk rødliste.
Konklusjon: Arten raudlistes som nær trua NT på grunnlag av ein liten populasjonsstorleik i pågåande nedgang.[1]