Klintsy (russisk Клинцы) er ein by i Brjansk oblast i Russland med om lag 75 000 innbyggjarar (2008). Han ligg ved elva Turosna i nedslagsfeltet til Dnepr, rundt 160 km sørvest for Brjansk.
Staden vart grunnlagd i 1707 og han fekk bystatus i 1925.
Under den andre verdskrigen var byen okkupert av tyskarane frå 20. august 1941 til 25. september 1943. Av skular i byen finn ein mellom anna eit humanitært akademi og Institutt for interregionale relasjonar.