Guillaume Joli
- Artikkel
- Diskusjon
Guillaume Joli | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 27. mars 1985 (39 år) Lyon |
Idrett | handball |
Tok del i | |
Utmerkingar | Ridder av Æreslegionen |
Guillaume Joli (fødd 27. mars 1985) er ein fransk tidlegare handballspelar. Han er verdsmeister tre gongar, europameister to gongar og vart i 2012 olympisk meister med Frankrike sitt sigerrike landslag. Han spelte høgrekant.
Joli deltok i 118 landskampar i tida 2006-15, skåra 346 mål. Åra frå 2009 til 2015 sanka han nesten årleg ein gullmedalje med franske landslaget i antan verdsmeisterskap, europameisterskap eller olympiske leikar.
Frå 2004 til -10 spelte Joli på det franske topplaget Chambéry, eit lag som kom på andreplass i landsserien fire gongar desse åra. Deretter var han to sesongar i kvar av laga Valladolid, Dunkerque og Wetzlar. Han avslutta med spel for Dunkerque i tida 2016 til -19. Hans einaste triumf på klubbnivå kom i den franske ligacupen med Dunkerque i 2013.