Gabriela Szabó
- Artikkel
- Diskusjon
Gabriela Szabó | |
Statsborgarskap | Romania |
Fødd | 14. november 1975 (48 år) Bistrița |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Gabriela Szabó (fødd 14. november 1975) er ein rumensk tidlegare friidrettsutøvar som vart olympisk meister på 5 000 meter under OL 2000 i Sydney og vann tre gullmedaljar i friidretts-VM; høvesvis på 5 000 meter i 1997 og 1999, og på 1500 meter i 2001. I 1999-sesongen var Szabó ein av fyrstepremie-vinnarane i Gyllen-serien (IAAF Golden League). Szabó sine personlege rekordar på distansane 1500 m, 3 000 m og 5 000 m er høvesvis 3.56,9, 8.21,4 og 14.31,4.
18-årgamle Szabó vann bronsemedaljen på 3 000 meter ved friidretts-EM 1994 i Helsinki. Våren 1995 sigra ho på 3 000 m i innandørs-EM, ein prestasjon ho kopierte i dei to neste innandørs-VM, 1997 og 1999. Ho vann elles same distansen i innandørs-EM 1998 og 2000.
Sommaren 1996 sikra Szabó seg sølvmedaljen på 1500 m då Sommar-OL 1996 vart avvikla i Atlanta, einast russiske Svetlana Masterkova heldt seg framom henne på oppløpet.
Szabó vann så ein gullmedalje i tre verdsmeisterskap på rad; fyrst i Aten 1997 på 5 000 m og så forsvarte ho VM-tittelen på distansen i Sevilla i 1999, før ho i 2001 sigra på 1500 m i Edmonton. Derimot måtte ho sjå seg slått av irske Sonia O’Sullivan i spurten på 5 000 m under EM 1998.
Under dei olympiske leikane 2000 i Sydney revansjerte Szabo seg og vann gullmedaljen på 5 000 meter, framfor nettopp Sonia O’Sullivan og med etiopiske Gete Wami på tredjeplass. Dessutan fekk Szabó OL-bronsen på 1500 meter, slått av algeriske Nouria Mérah-Benida og si eiga landskvinne Violeta Szekely.
Szabó tok si siste internasjonale meisterskapsmedalje då ho vart nummer to på 1500 m ved EM 2002 i München, to hundredels sekund bak vinnaren, tyrkiske Süreyya Ayhan.
Frå 5. mars 2014 til 4. november 2015 var Szabó ungdoms- og sportsminister i to regjeringar leidde av Victor Ponta.