Frank Zappa Meets the Mothers of Prevention er eit album frå 1985 av Frank Zappa. Det vart opphavleg gjeven ut som to litt forskjellige versjonar i USA og Europa.
Albumtittelen er ein referanse til lobbygrubba PMRC, som kravde at plateselskap måtte setje åtvaringsmerke på album dei rekna som støytande, og det tidlegare bandet til Zappa, The Mothers of Invention.
Etter distribusjonsproblem med med albumet Thing-Fish, som den tidlegare Barking Pumpkin-distributøren MCA Records nekta å gje ut,[2] gjorde Zappa ein avtale med EMI Records, som gav ut Them Or Us og Thing-Fish på Capitol Records i USA.[2] Zappa skreiv ei «åtvaring» på plateomslaga til desse albuma som sa at albumet hadde innhald «som eit verkeleg fritt samfunn verken ville frykte eller undertrykke», og ein «garanti» som sa at teksten ikkje ville «føre til evig pinsle i ein stad der fyren med horn og spiss stav bur».[2]
Den originale USA-versjonen av albumet inneheld sporet «Porn Wars» — ein lydcollage med utdrag frå PMRC-høyringane. Dette sporet vart fjerna frå andre versjonar og erstatta med tre andre stykke: «I Don't Even Care», skriven av Zappa og Johnny «Guitar» Watson, og to instrumentale spor — «One Man, One Vote» (på Synclavier) og «H.R. 2911», som nyttar somme av bakgrunnsmusikken frå «Porn Wars», utan PMRC-høyringa.
200 Motels ·Baby Snakes ·The Dub Room Special ·Video from Hell ·Does Humor Belong in Music? ·The True Story of Frank Zappa's 200 Motels ·The Amazing Mr. Bickford ·Uncle Meat ·The Torture Never Stops
Diskografi · I popkulturen ·Captain Beefheart ·The Real Frank Zappa Book · The Frank Zappa Guitar Book · Zappa Plays Zappa ·Suzy Creamcheese ·Pachygnatha zappa ·Phialella zappai ·Zappa confluentus ·3834 Zappafrank · Abnuceals Emuukha Electric Symphony Orchestra ·Frankly a Cappella ·King Kong: Jean-Luc Ponty Plays the Music of Frank Zappa ·Zappa's Universe