Florence Baverel-Robert | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 24. mai 1974 (50 år) Pontarlier |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Skiskyting under Vinter-OL 2006 – Sprint kvinner, biathlon at the 2006 Winter Olympics – women's relay |
Utmerkingar | Ridder av Æreslegionen |
Florence Baverel-Robert (fødd 24. mai 1974 i Pontarlier i Franche-Comté) er ein fransk skiskyttar. Ho er olympisk meister i sprint frå OL i Torino i 2006.
Florence Baverel-Robert var med i verdscupen i skiskyting frå 1994 til 2007. Ho trente med klubben Entente Sportive Saugette de Ski/EMHM.
I 1994/95- og 1995/96-sesongen kom ho på 7. plass i verdscupen samanlagt, men fekk sidan svakare samanlagtresultat. Før OL i Torino hadde ho berre ein individuell medalje frå store meisterskap, bronse frå jaktstarten i VM i Holmenkollen i 2000. I OL i Torino vann ho sensasjonelt gull på sprinten, noko som òg var hennar første verdscupsiger. Ho var òg med å ta bronsemedalje på stafetten. 2006/07-sesongen vart hennar beste i verdscupen, og ho enda på 5. plass samanlagt. Etter dette la ho opp som aktiv skiskyttar.
Baverel-Robert vert rekna som ein svært god skyttar. Ho gifta seg i 2001 med skiskyttaren Julien Robert. Dei busette seg i Lièvre Mont nær den sveitsiske grensa.
1992: Anfisa Reztsova · 1994: Myriam Bédard · 1998: Galina Kukleva · 2002: Kati Wilhelm · 2006: Florence Baverel-Robert · 2010: Anastasija Kuzmina · 2014: Anastasija Kuzmina · 2018: Laura Dahlmeier · 2022: Marte Olsbu Røiseland |