Byen voks opp rundt murane til Echternach kloster, som vart grunnlagd i 698 av Willibrord, ein engelsk munk frå Ripon, som vart den første biskopen i Utrecht og som arbeidde for å kristne frisarane. Som biskop styrte han klosteret fram til han døydde i 739.
Elva Sûre som renn forbi byen dannar no grensa mellom Luxembourg og Tyskland, men under Romarriket og merovingarane var det ikkje eit grenseland i det heile tatt. Det er funne spor etter ein romersk villa i byen.
Den vakre byen er framleis omgjeve av mellomaldermurar med tårn, som vart kraftig øydelagd under den andre verdskrigen og bygd opp att.